Historisk Vikingcruise

Med MS Holly

Sogndal - Fimreite - Sogndal

Dette er ein fin og spennande tur frå Sogndal til Fimereite og tilbake. Under vikingtida var dette omgjevnadane for det dramatiske slaget mellom Magnus Erlingsson og Sverre Sigurdsson, der dei kjempa om konge-rolla i Norge. I meir moderne tidsrekning var dette eit sentralt punkt under den kalde krigen, med den største ubåtjakta i Norge nokon sinne. Les meir under!

På dette cruiset kombinerer me fantastisk natur med spennande historie!

Generell informasjon:

Varigheit: 1t 40 min
Sesong 2024: 1. juni - 31.august
Barn 0 - 4 år: Gratis
Barn 5 - 14 år: Kr. 238,-
Vaksen 15 år +: Kr. 475,-

Bestilling:

 

Slaget ved Fimreite i 1184

Den 15. juni 1184 om kvelden møttest Magnus Erlingsson og Sverre Sigurdsson til eit stort sjøslag ved Fimreite. 


Alt tyder på at hovuddelen av slaget starta på innsida av Storholmen. Det er meir usikkert kvar slaget vart avgjort, men mykje tyder på at skipa dreiv innover mot garden Høl før avgjerda fall.
 Slaget varte i ca. fire timar. Slaget vart avgjort då sola gjekk ned. Då stod Sverre igjen som sigerherre etter ein taktisk triumf over hovudfienden sin.


40 langskip deltok i slaget – Magnus hadde 26 skip og Sigurd 14. Hæren til Magnus talde ca. 3200 mann, medan Sverre sin hær talde ca. 1900. Vel 5000 hærmenn deltok såleis i slaget.


Slaget ved Fimreite var brutalt. Tapa vart i Sverresoga oppgitt å vera 2160 mann. Magnus hadde dei klart største tapa. Mange av hans menn drukna då tre eller fire store slagskip sokk under vekta av hærmenn som flykta i panikk om bord på desse skipa.


Kong Magnus var mellom dei som drukna ved Fimreite. Liket vart funne ni dagar etter slaget. Han vart ført til Bergen og gravlagd der. Mange falne vart gravlagde på Danøyri på Slinde-sida.

Den dramatiske ubåtjakta

Søndag 12. november 1972 såg fem personar på Vangsnes eit periskop i sjøen på veg innover fjorden. Sjøforsvaret vurderte observasjonen som påliteleg, og reagerte raskt. Store forsvars-ressursar vart sette inn til sjøs og i lufta.

Måndag 13. november observerte kona til lensmannen i Luster ein periskopliknande gjenstand i sjøen ved Høyheimsvik. 

Onsdag 14. november om kvelden hadde bilferja «Vangsnes» radarkontakt med eit uidentifisert lite fartøy på veg ut Årdalsfjorden. Båten forsvann frå radaren igjen. 

Måndag 20. november brukte fregatten KNM «Trondheim» synkeminer mot det som vart oppfatta som ein framand ubåt ved Breisnes i Aurlandsfjorden. 

Tysdag 21. november om kvelden vart det observert fem-seks raude rakettar som folk på land og mannskap på ein MTB oppfatta kom opp av sjøen ved Hermansverk. Det vart sleppt både synkemine og granatar.

Onsdag 22. november fekk KNM «Trondheim» sonarkontakt med det mannskapet meinte var ein ubåt i Sogndalsfjorden. Det vart brukt ein antiubåt-rakett mot målet. Forsvaret meinte den framande ubåten kunne ha gått i ei felle.

Torsdag 23. november om morgonen vart det observert ein mørk gjenstand i sjøen ved Kinserdal ytst i Lusterfjorden. Etter sju minutt forsvann gjenstanden under vatn. Om kvelden vart det to gonger observert lys i fjellsida ved Breisnes utan at det vart klarlagt kva dette var.

Fredag 24. november var ubåtjakta konsentert om dei ytre delane av Sognefjorden. Det vart sleppt synkeminer i fjorden ved Solund. Forsvarsminister Johan Kleppe stadfesta at Sjøforsvaret meinte det var ein framand ubåt i Sognefjorden.

Laurdag 25. november klokka 03 gjekk den framande ubåten ut av norsk territorium, ifølgje Aftenposten. Militære kjelder sa til avisa at det var snakk om ein sovjetisk ubåt av W-klassen som vart operert av Polen eller Aust-Tyskland.

Kilder: Fylkesleksikonet

Slaget ved Fimreite
 
Fjordcruise Sogndal Sognefjorden Båttur

Sjå også vårt Kveldscruise