Cider Cruise

Kombiner cidersmaking på Haug Gard (Fimreite) med eit nydeleg Fjord Cruise og sykkeltur (eller taxi) langs Sognefjorden.

Tilgjengeleg kvar laurdag frå 1. juni tom. 31. august 2024

Saman med den lokale garden Haug Gard tilbyr me ein pakke der du kan kombinere smaking av ulike lokale cider og fruktvinar frå Odelsgut (Haug Gard, Fimreite), og eit vakkert Fjordcruise frå Sogndal til Fimreite og tilbake.

Dersom du ynskjer å sykle ein av vegane, eller har anna transport, er det mogleg å kjøpe billett kun ein veg ombord på båten.

Reiserute:

Avreise 13.00:

13.00: : Avgang båt frå Sogndal til Fimreite
13.50 (ca): Ankomst Fimreite og Haug Gard
14.00 - 15.45: Cidersmaking på Haug Gard, Fimreite
16.00 - 16.45: Båt tilbake til Sogndal

Haug Gard og Odelsgut

Bli med på ein flott gardsopplevelse og utvid horisonten din innan norsk historie og norsk cider, og sjå korleis det er å vere ciderprodusent i Noregs eldste fruktdistrikt.

I løpet av ca. 1,5 time får du eit innblikk i fruktdyrking, ciderproduksjon, og høyre meir om familiegardens imponerande historie heilt tilbake til 1184 - Slaget ved Fimreite, det blodigaste slaget i norsk historie mellom Magnus Erlingsson og Kong Sverre.
Du får smake forskjellige cider frå Odelsgut - laga med ekte kjærlighet, samt eit lite fat med enkel lokal mat.

Hjå oss treng ein ikkje pene klede, være vinekspert eller ha utdanning som pommelier. Det viktigaste er at du er tørst på nye eventyr og klar for å smaka kva norsk cider verkeleg er.

Her møter du eit hyggeleg og engasjert vertskap som vil gi deg ein opplevelse du seint vil gløyme.

Bilde frå Kjørnes, som du passerar på sykkelturen.

Prisar og informasjon;

Prisar (2024):
Vaksen:
Guida fjordcruise til/frå Fimreite: kr 475,-
Cidersmaking: kr 595,- (betalast på staden).


Prisen for cidersmaking inkluderar tilgang til cidersmaking og lett snacks (på Haug Gard).


Det er også mogleg å sykle ein veg. Du kan då kjøpe eivegsbillett ombord på båten.

Kart